Om Hornindal

Hornindal kommune ligg i det nordaustre hjørnet av Sogn og Fjordane fylke og grensar til Møre og Romsdal fylke med kommunane Stranda, Ørsta og Volda som naboar i nord og aust. Etter at Kvivsvegen opna i september 2012, tek det ein halv time å køyre fergefritt til Volda. I eige fylke grensar kommunen til Eid i vest og til Stryn i sør.

Med eit areal på om lag 190 km² og eit folketal på rundt 1200, er kommunen ei av dei minste i fylket. I vest ligg Hornindalsvatnet, vel 50 km², den største innsjøen på Vestlandet og den djupaste i Europa - 514 m djup. Sentrum i kommunen heiter Grodås, og er av oss lokale kalla ”Sanden”. På Sanden kan ein finne diverse butikkar. Der er Coop marked, Spar, bensinstasjonen YX, to frisører og eit kontorservice-firma. Du kan også finne bok og interiørforretning og ein klebutikk for dame, barn og herrer. Solstudio, Reisebyrå, smådyrsklinikk samt Raftevolds Hotell er å finne i sentrumsgata. Ved elveutløpet ligg campingplassen med ”Loftet bar og bistro” der ein også kan bestille catering.

Geologien gjer at terrenget i Hornindal er mjukare, og mindre bratt enn det vi gjerne forbind med vår region. Fleire mindre dalføre skjer seg ut frå hovuddalen og gjev rom for seter- og hyttegrender. Dette gjer i gjen at nærområdet til Harevadet Hyttegrend er fullt av flotte turmål, som er attraktive heile året. Både små piknikturar og flotte dagsturar kan gjennomførast utan å starte bilen. Kommunen har utarbeidd eit turkart, og løypene som er viste her er markerte i terrenget slik at ein kan finne fram utan å vere lokalkjend i utgangspunktet.
 
Opparbeidinga av Kvivsvegen har sjølvsagt vore ei veldig aktuell sak i dei siste åra. Denne vegen gjer avstanden til Søre Sunnmøre mykje kortare. Strekninga Hornindal-Volda er blitt redusert til 30 minutt, og fergeproblematikken er eliminert. Andre større vegprosjekt i regionen er også med på å bringe regionen tettare saman. T.d større utbetringar mellom Hornindal og Stranda, og utbertingar på strekninga mellom Stryn og Gloppen. Lokaliseringa vår midt mellom Geiranger, Briksdalen og Vestkapp vert dermed endå meir attraktiv.

Aktivitetar i Hornindal

Friluftsliv

Hornindal har turterreng som passer for alle. Harevadet og Hornindal er fullt av flotte turmål for heile året. Av meir krevjande turar kan det spesielt nemnastHornindalsrokken og Bjørkenibba. Det er utarbeidd eit turkart til fotturar som ein kan få tak i t.d. på kommunehuset og turistinformasjonen.   I sentrum er det fint parkområde ved vasskanten med badestrand og strandpromenade. Her er det gode  muligheiter for vassaktivitetar om sommaren.

Idrett

Gjennom opparbeiding av fleire idrettsanlegg er det lagt til rette for mange idrettsgreiner i Hornindal. Hornindal idrettspark omfattar friidrettsbane, tennisbane, to fotballbaner og ein ballbing. I Grendadalen, like ved Harevadet Hyttegrend, ligg Hornindal Skisenter med nytt skitrekk med varierte nedfartar, flotte turløyper, lysløype og skiskyttarstadion.   I sentrum finn ein sandvolleyballbane, innandørs skytebane, basketballbane,rullebrett/rulleskøytebane samt ulike leikeapparat. Kvar juni vert Grodås Cup arrangert. Andre større idrettsarrangement er Hornindalsvatnet MaratonHornindal RundtNibba ned og Honndalsrennet.

Kultur

Hornindal rik på kultur, og markerar seg sterkt innan song-, musikk-, og handeverktradisjonar. I sentrum finn ein Anders Svor museet. Museet innehelde over 450 skulpturar av Anders Svor som må seiast å vere av fylkets mest betydingsfulle kunstnarar gjennom tidene. Svor var også en sentral kunstnar i si samtid. I sentrum finn ein også biblioteket.   I august blir det arrangert Kulturdagar i Hornindal med aktivitetar for små og store. Særleg er frukost ved Hornindalsvatnet, utedansar og konsertar arrangement som vert sett stor pris på både blant lokale og tilreisande.

Jakt og fiske

Hornindalsvassdraget med Hornindalsvatnet byr på gode fiskemoglegheiter. Fiskekort kan kjøpast ved oppsette sjølvbetjeningskasser eller ved å kontakte Hornindal grunneigarlag. Både nærområdet og regionen rommer flott terreng for småviltjakt. Jaktkort kan ein kjøpe ved å kontakte Hornindal grunneigarlag.   Kontakt Hornindal grunneigarlag ved Lars Andreas Tomasgard Tlf. 57 87 95 28 / 911 84 236.

Meir informasjon om tilboda i Hornindal kommune finn ein på Honndalsportalen.

Aktiviteter i regionen

Stryn Skisenter: 40 min.
Stryn Sommarskisenter: 70 min.
Harpefossen Skisenter: 50 min.
Strandafjellet Skisenter: 50 min.
Operahuset på Nordfjordeid: 40 min.
Ulsheim: 20 min.